Embla-20 årsjubileum 9. mai 2014
Stor feiring på Bjørkedalen
Gudmor Astrid Nøklebye Heiberg, Brita Blomquist m.fl. var våre gjester. Vi kosa oss med god mat og drikke. Det vart talar, attersyn, song og musikk. Etter hyggestunda inne i det koselege vertshuset til Jakob og Inger Helset, tok Olli og Lillian oss med til Emblaskipet som duva lunt på det spegelblanke Bjørkedalsvatnet. Her sette Lillian skjoldet med dei mange tente lysa på vatnet, mens Olli las eit vakkert hyllingskvad til lyset og freden. Faklar var tent i vassranda. Alle song vi Emblasongen.
Del på
Twitter