Pilegrimstur gjennom Remmedalen
32 personar fekk ei fin oppleving på
vandringa gjennom Remmedalen,
søndag 17. juni 2012.
Jarle Åsebø krydra vandringa med gode historier. Halvveges nede i dalen gjekk vi over på ein graskledd gardsveg, og snart stod vi med Stårheim kyrkje og gravmonumentet over Marie og Matias Orheim. Oppe i Orheimtunet tok Åshild Orheim Haga og sonen Christian vel i mot oss. Åshild fortalde om bestefaren, Matias,den kjende salmediktaren, forkynnaren, felespelaren, som og kunne kunsten å spele på glas.Marie vart hans gode støtte då han etterkvart vart heilt blind. Inne i Fjøsen, no ominnreidd som restaurant, fekk vi servert eplehorn, saft og kaffi. Vi vart og vist rundt i tunet og i museet i stabburet. Turen gjennom Remmedalen til Orheimtunet tok 4 timar i sakte fart. Neste tur vert 5. aug. over Berstadeidet.
Stor takk til Jarle som guida oss og til Åshild og Christian for gjestfri mottaking i Orheimtunet.