Fredsskipet Embla til Hafrsfjord
Emblaskipet er invitert saman med 10 andre vikingskip, og skipa vil få ein sentral plass i sjølve arrangementet rundt Rikssamlingsjubileet. Embla vil få ei spesiell rolle som kvinnefredsskip, og ulike seremoniar med fokus på fred vil bli gjennomført. Som t.d. vil vi framføre ein fredsseremoni med påfølgende fredsappellar og fakkeltog. Anchor of Peace er ein annan måte å synleggjere freden på. Vi vil ro lange stykker i konvoi med andre skip, vere til stades der det skjer. Vi vil bli kjent i vikinglandsbyen på Avldsnes, ha spesiell fokus på kvinna i norrøn tid, kva rolle hadde ho? Vi vil ha arrangemnet for barn og unge og dei eldre vil bli invitert ombord i skipet vårt. På medlems-og julemøtet 26. nov var 15 Emblakvinner samla på Alpehytta, Standaleidet i Ørsta. Arrangementet rundt Rikssamlingsjubileet vart diskutert, og alle såg fram til å delta. Vi ønskte kvarandre god jul og eit godt, nytt Emblaår med masse spanande saker i 2022 kalendaren.
OG KANSKJE KOMMER KONGEN