Emblakvinnene til Igalo 23.-27. mai 2017
I 1992 braut krigen ut i Bosnia.Fryktelege scener utspant seg.Vi var redde, sinte, opprørte kvinner. "Vi bygg eit kvinnefredsskip", vart slagordet. Det skal formast som eit vikingskip, eit tidlegare krigsskip. Vi visste at symbolikken ville bli lagt merke til,og det var nettopp det som var meininga. Embla vart som "eit speakers corner for fred." I 1994 vart kvinnefredsskipet sjøsatt.
Og skipet med Emblakvinnene ombord har gjort mange fredstokter til ulike land rundt om i verda. Lengste toktet gjekk til San Francisco i1998, vel og merke som last ombord i Star Shipping sine containerskip (free for cost) over Atlanteren. No drar Emblakvinnene, utan skip,nettopp til opphavsstaden der ideen om kvinnefredsskipet Embla vart skapt. Etter snart 25 år, må Embla dokksetjast og vølast, så denne gongen får ho kvile seg på beddingen mens damene drar ut i verda med sin bodskap om fred. Embla var første kvinna i norrøn mytologi (mannen Ask) , ho var sterk og handlekraftig. Ho vart talskvinne for fred, ho ville ha slutt på dei valdelege vikingtokta.
Bileta over og under er henta frå dei mange reisene og hendingane Emblakvinnene har vore med på i snart 25 år.