Embla til Oslo og Eidsvoll
Siste roøving før det store jubileumstoktet, vert onsdag 9. juli kl. 18. Viktig at dei som har meldt seg på Eidsvollturen, 8.-10. august møter opp, treng all den øving vi kan få med oss.
Mandag 14. juli kl. 18 vert det pakking av skipet, møt opp også då, alle hender trengs. Transportør Per Sundal, Kirsten og Hilde fraktar skipet til Oslo onsdag 16. juli.
Skipet skal stå på båtvogna i Bjørvika frå den 16. juli. om kvelden til laurdag kveld den 19. juli eller søndag 20. juli. Deretter vert Embla frakta opp til Minnesund av folk frå Mjøssamlingane. Båten skal ha opphald ved Mjøssamlingane til Emblakvinnene kjem til Minne og Minne Gård, fredag kveld den 8. august. 9. august kl. 9 starter roturen til Sundet i Eidsvoll. Veteranbåtar frå Mjøssamlingane følgjer oss. Kl. 11-12 vil vi vere i Sundet og ta del i arrangmentet der. Embla vert slept motstraums opp att av fløttbåtar til Mjøssamlingane, der vi skal ta del i div. arrangment til kl. 16. Søndag 10. aug. vert vi ved Mjøssamlingane til kl. 16. Etter det pakkar vi båten for heimreise.
Brit drar nedover til Minnesund og Oslo tysdag 15. juli, har avtala møte med styreleiar for Mjøssamlingane, Per Inge Høiberg og Magnus Sefland. På veg heim etter Osloturen, vil eg besøke Minne Gård og sjå på tilhøva der.
Prosjektgruppe for Minnesund og Eidsvoll: Brit /prosjektleiar, Marianne/høvedskvinne og båtansvarleg, Underhaldning/Hanna-Sølvi, Presse/info Anne-lise, Velferd/reise m.m. /Liv, Økonomi/Oddny
Prosjektgruppe Oslo: Marianne/leiar, Brit og Helga
mvh Brit