Embla og Seljumannamessa 5. juli 2015
Embla tok del i denne markeringa under årets Seljumannamesse 5. juli 2015. Vi rodde over vågen til Bø på Selja, steig i land på staden der Olav Haraldsson for første gong sette foten på norsk jord etter at han var blitt konge for 1000 år sidan. Fredsskipet Embla og kongens skip kom inn til staden. Emblakvinnene kom i prosesjon på land og framførte Emblasongen, som markerte fred, same bodskapen hadde kongen og hans menn i eit historisk spel. Og historia fortel at då Olav Haraldsson steig i land på Selja, glei han og fall på kne med eine foten. "No datt eg ", sa kongen. Rane i kongsfølgje svara: " Du datt ikkje, herre, men no feste du fot i Noregs land". Kongen lo og sa: "Det kan vera, om Gud vil, at det er så".
Så gjekk vi alle, publikum, Emblakvinnene ,Olavs menn og geistlege i pilgrimsmarsj til klosteret på Selja, der biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, heldt preika. Saman med henne deltok mange geistelege. Og det vart ei økumenisk gudsteneste, der alle kyrkjesamfunn i vårt område deltok. og vakker song og musikk ljoma mellom klosterruinane. Gudmor til Embla, Astrid Nøklebye Heiberg, viste seg som dyktig roar ombord i sitt gudbarn, ekstra hyggeleg at husbond Arvid også vart med på reisa til Selja. Og som vanleg, når vi Emblakvinnene er med på slike tokt, så er det sosiale i flokken så velgjerande. Vi trivest saman, vi syng og spelar, og latteren sit laust. Vi vart innlosjerte i velutstyrte leilegheiter like i sjøkanten i Selje sentrum. Arvid og Aage sytte for oppdekking til frokost, også oppryddinga. Vi damene sjaua avgarde og klare til mange åretak for fred.
Foto nr. 1.På veg til Bø på Selja. foto2. høgtidsstund i klosterruinane foto 3. Ordføraren i Selje ønskte oss velkomne med påkosta lunsj i Kunsthuset Doktorbustaden
Del på