8. mars markering 2012 hos Astrid Nøklebye Heiberg i Oslo
Alle fekk presentere seg. Interessante innlegg frå sterke og flotte kvinner. Noko som gjorde inntrykk på oss alle var den greske prosfessoren Vasiliki Gemou Engeseth sitt innlegg om Hellas og problema som rådde i det kriseramma landet. Det er så uvirkeleg at dette skal skje i dagens Europa, Spania og Italia lid same skjebnen. Interessant var det og å bli presentert for Wanda Heger, ho med dei kvite bussane til Polen. Sprudlande Rie Bistrup deklamerte, Rita Westvik, kjent frå kvinneradioen, markerte seg og med si kjente røyst. Vigdis Lian, tidl. Norsk Filminstitut, kjente eg frå før, Frøydis Langmark, kjent lege og kreftforskar, var til stades, like så Anne Alvik, tidl. sjukehusdir., Nina Karin Monsen, forfatter, filosof,kjent debutant, Martha Seim Valeur, kjent høgrepol. Åsa Rytter Evensen, lege, Inger Schou, statsvitar og tidl. statsråd, Gudrun Waadeland, skodespelar m.fl. Emblaprosjektet vart og presentert, noko som gav meg høve til å fortelje om våre kultur-og fredsreiser i inn-og utland med Emblaskipet som speakers corner for fred. Ei ung dame merka seg ut. Ho mangla ei arm og ho kunne knapt gå. Ho stod ikkje fram og fortalde si historie, det var tydeleg at det ho hadde opplevd var kjent av dei fleste som var til stades. Ein voldeleg ekskjærast hadde skutt av ho eine arma. Fot og hofte var og ødelagt. Eit skræmande bilete på kvinnevold.
Det gav meg mykje å få delta i eit slikt fora, få høyre og sjå alle desse dyktige kvinnene som med sin styrke og intelligens har utretta så mykje, og som uredde står på med full styrke i sitt samfunnsengasjement.Det gav impulser til saker som også Emblakvinnene kan engasjere seg i.
Det gav meg mykje å få delta i eit slikt fora, få høyre og sjå alle desse dyktige kvinnene som med sin styrke og intelligens har utretta så mykje, og som uredde står på med full styrke i sitt samfunnsengasjement.Det gav impulser til saker som også Emblakvinnene kan engasjere seg i.